På lokalet - Trudvang, Dale UTSELT

EVENT INFORMATION

Ungdomshuset, Folkets hus, Grendahuset, Lokalet, kjært barn har mange namn. Alle som vaks opp i distrikts Norge i etterkrigstida har på ein eller annan måte eit forhold til dette lokalet. Her vart det arrangert dansefestar, folkemøte, basar, trimparty og danseskular. Lokalet vart flittig brukt av folk frå alle samfunnslag. I sentrum stod gjerne det gode, norske uttrykket dugnad. Gjennom felles innsats  vart det skapt minne for livet.

"På lokalet" er ein hyllest til huset vi møttest i. Viss veggane kunne snakke, seier vi ofte, men her skal vi la dansen fortelje historia. Huset såg folk kome og gå, danse, sladre, forelske seg, skiljast, bli gamle. Livets dans vart dansa på lokalet.

Velkommen til fest på lokalet!

"På lokalet" er eit av teaterstykka som vert spelt på Teaterfestivalen i Fjaler. Sogn og Fjordane Teater er ein av Teaterfestivalen i Fjaler sine hovudsamarbeidspartar.

teater
sognogfjordane
softeater
dale
sang
dans
musikk
40-talet
50-talet
60-talet
70-talet
80-talet
fjaler
teaterfestivalenifjaler
teaterfestival

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.