Gåvekort frå Sogn og Fjordane Teater

Gavekortinformasjon

Gje ei kulturoppleving i gåve!

Sogn og Fjordane har framsyningar som passar alle! Dette er den perfekte gåva til dei som har alt. Mottakarane vel sjølv kva teaterframsyning dei vil gå på, og ikkje minst så har dei har noko å glede seg til.  

Dei ulike teaterframsyningane på Sogn og Fjordane Teater finn du på heimesida vår www.softeater.no.

Gåvekortet kan nyttast til billettkjøp på Sogn og Fjordane Teater sine framsyningar, med nokre unntak*. Gåvekortet kan nyttast som delbetaling/betaling av Sogn og Fjordane Teater sine billettar som er tilgjengelege på ticketco.no. Dersom billetten er dyrare enn beløpet på gåvekortet betaler ein mellomlegget. Brukar ein ikkje heile beløpet i eitt kjøp kan ein bruke det på eit seinare billettkjøp.

Gåvekortet er gyldig i 12 mnd.

Teaterframsyningane våre kostar frå kr 100-380 kr. For meir billettinformasjon sjå her.

Saldo på gåvekortet sjekkar ein på www.ticketco.no


*Ta kontakt med Sogn og Fjordane Teater på telefon 909 90 600
om gåvekortet skal nyttast ved framsyningar på desse spelestadane:

- Førdehuset
- Flora samfunnshus
- Operahuset Nordfjord
- Nordfjordhallen
- Sogndal kulturhus
- Stryn kulturhus
- Trivselshagen, Sandane
- Årdal kulturhus
- Kinnaspelet