Georgs magiske medisin // Høyanger

Arrangementsinformasjon

Av Roald Dahl

Passe rampete teater for heile familien. Også for bestemødrer, dersom dei torer!

Bestemora til Georg er ikkje som alle andre søte og snille bestemødrer. Ho er nifs og syter og klagar og knurrar og bråkar og blandar seg opp i alt mogleg. Georg vil gje ho ein lærepenge. Når ho skal få medisinen sin, lagar han ein boblande, skummande, magisk medisin, som garantert vil sende henne gjennom taket…

Roald Dahl er ein forfattar i særklasse og har skap ei verd av utømmeleg fantasi. Han var alltid på borna si side, og lét aldri ein sjanse gå ifrå seg til å sparke dei som sparkast bør, dei maktsjuke, arrogante, autoritære og dømmande. Vaksne, sjølvsagt. Men først og fremst får han oss til å le. Og grøsse. Og så blir vi litt skremde ( i alle fall ei stund til alt vert bra att). Og så ler vi endå meir. Forteljingane til Roald Dahl har blitt til internasjonale storfilmar, fargerike musikalar og fengande barneframsyningar.

Når Riksteateret tek Georgs magiske medisin til scena, engasjerer vi regissør og dramatikar Morten Joachim, som også har sett opp Doktor Proktors prompepuvler. Han lovar ei framsyning med mykje musikk og magi som involverer borna og tek ungane sin fantasi på alvor. Med Georgs magiske medisin skal han setje alt på hovudet og slå seg laus på borna sine vegne – heilt og fullt i Roald Dahl si ånd.


Høver for born frå 5 år.
Premiere: Oslo / Nydalen 4. oktober 2018
Turné i Sogn og Fjordane: 3.-11. februar 2019

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater og Haugesund Teater.

sognogfjordaneteater
riksteatret
roalddahl
georgsmagiskemedisin
georgs
medisin
barneframsyning
barneforestilling
høyanger

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.