Maria Magdalena // Naustdal kyrkje

Arrangementsinformasjon

MARIA MAGDALENA, JESU VIRKE 

AvHåvard Rem 

«Maria Magdalena – Jesu virke» er nummer to i trilogien om Jesus.  

Avisa Fjordingen (2018) skriv om framsyninga: «Der skatten din er, vil også hjartet ditt vere». Den største skatten var å følgje Jesus. Forfattaren Håvard Rem tek oss med på ei reise tilbake i tid, til den tida då Jesus – og Maria Magdalena – vandra på jorda. Gjennom monologen, som Reidun Melvær Berge så mesterleg framførde i Nedstryn kyrkje onsdag kveld, fekk vi vere med Maria Magdalena. Vi fekk oppleve miljøet og høyre om dei hendingane som vi kjenner så godt frå Det nye testamentet, gjennom ei kvinne sine auge. 

Vi veit alle kva som skjer i evangeliet, men sjeldan får vi høyre det på denne måten. Historia om Jesus blir fortald gjennom kvinnene rundt han. I «Jesu virke» er ordet gitt til Maria Magdalena som fortel historia som ei augevitneskildring. Ho fortel at Jesus redda henne frå galskap og prostitusjon, og at ho hadde eit nært forhold til han. Ho var kollega, ven og kvinne.  

Det er natta før palmesøndag, og natta før Jesus og følget hans togar inn i Jerusalem. Maria Magdalena fortel om sitt første møte med Jesus, om hans virke frå han vart døypt av døyparen Johannes og om påskeveka. 

Gjennom Maria kjem vi nærare Jesus, men òg nærare eit historisk faktum som ofte hamnar i skuggen. I følgjet til Jesus var det fleire kvinner som også hadde ein plass i lyssirkelen rundt leirbålet, som respekterte elevar saman med læresveinane. 

Fjordingen: «Ei overtydande og kjenslevàr og vakker førestilling» 

 

Med: Reidun Melvær Berge.  
 
Av: Håvard Rem 
Omsetjing Asbjørg Lotsberg 
Regi: Marit Østbye 
Kostymedesign: Else Lund 
Lysdesign: Krystian Myska 
Foto: Espen Nyttingnes. 


Framsyninga varar i 1 time* utan pause. 

*med atterhald om endringar. 

sognogfjordaneteater
softeater
teater
sognogfjordane
påske2019
påskespel
mariamagdalena
jesuvirke
håvardrem
kyrkje
kyrkjespel

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.