På lokalet // Valestrandsfossen, Kongshall

Arrangementsinformasjon
Default file 1521996645

Ungdomshuset, grendehuset eller lokalet; det er ikkje så viktig kva du kallar det. Folk er glade i huset sitt, og dei støttar opp om det og tek vare på det. Det er meir enn eit hus. Kanskje var det her foreldra dine fann kvarandre, og kanskje var det her - i det kosmiske sjansespelet som er livet - at ideen om deg blei til. Men famlande flørt kunne òg ende i slåsskamp. Det var sjalusi og spy og snus.

Du blir møtt av Idun Losnegård i rolla som dama med nøklane. Du veit, ho som låser opp og igjen dører og syter for at alt går riktig for seg. Ho tek vare på deg og alle og huset og heile framsyninga. Ho moppar og kjeftar og innimellom tek ho seg ein blås. I ein bortgøymt krok finn ho ein hårlokk, og ho blir kasta fem tiår tilbake i minna.

Det er hælane i taket og høgt tempo på dansegolvet. Dansarane går inn og ut av tidsriktige klede og dansetrinn. Vi er innom etterkrigstida med leggevatn og hårrullar. 50-talet med boggie-woogie og store underskjørt. 60-talet med gabardinbukser og heimespøta kofter. 70-talet med slengbukser og rysjeskjorter. 80-talet med pastellfargar og skulderputer.

Du ler og du grin og kanskje grøssar du litt òg. Det er lov. Men latterleggjering blir stoppa i døra. Koreograf og regissør Arne Fagerholt tek på alvor at det under den vasskjemde luggen og inni dei store skulderputene er det levande menneske som har gleda seg i dagevis og brukt timar på å gjere seg klar til den store erobringa.

«På lokalet» løftar teateret ut av kultursalar og inn på forsamlingshus. Sjølv om du såg stykket i første runde, er det ingen grunn til å gå glipp av reprisen. Spelestadane er nye og nokre av dansarane er erstatta. Her er både nostalgisk musikk og mange detaljar å fortape seg i. Det er som når du endeleg får legge armane rundt ho fine og svinge ho ømt i dansen. Du vil aldri at det skal ta slutt.

AV Arne Fagerholt
Etter idé av Bodil Kvamme
KOREOGRAFI/ REGI Arne Fagerholt
KOSTYMEDESIGN/SCENOGRAFI Dordi Strøm
MASKE/SMINKE Live Brendmo Søreide
MUSIKALSK TILRETTELEGGING Arne Fagerholt og Harald Dahlstrøm
LYSDESIGN Krystian Myska

MEDVERKANDE: Anne Guri Tvedt | Christer Tornell | Erlend Auestad Danielsen | Idun Losnegård | Joakim Thrane | Vilde Viktoria Madsen | Åse Marie Eide Rannestad


For gruppebestilling, 5+ billettar, ta kontakt med kjell.mjelleli@softeater.no

Vi oppmodar publikum som har behov for rullestol om å ta kontakt med teateret når de kjøper billett.

NB! Restbillettar vert selt i døra ca 1 time før framsyningsstart. 

Dørene inn i lokalet opnar 20 minutt før framsyninga startar.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.