Translyria, Shakespeare // USF Verftet

Arrangementsinformasjon

TRANSLYRIA 
SHAKESPEARE  
Omarbeidd av Frode Gjerløw 

 

Tvillingane er fødde som jenter, men den eine er gut. Familien klarer ikkje å sjå Sebastian for den han er, og han forlèt dei. Tvillingsøstera Viola er redd for at noko forferdeleg skal skje og reiser etter for å finne han. Ho blir skyld i land i Illyria, tvillingbrorens indre verd, og her blir ho kjend med han som ho trudde var så lik henne sjølv.  

 

Regissør Frode Gjerløw har laga ei moderne forteljing rundt kjende Shakespeare-klassikarar. Det er kjønn og forvikling på alle nivå: Kvinne speler mann fødd som kvinne. Kvinne spelar kvinne som kler seg ut som mann. Kvinne spelar mann som utøver makt over kvinner, og mann spelar kvinne som blir undertrykt av menn. Alt dette i god Shakespeare-ånd.  

Allereie for meir enn 400 år sidan braut Shakespeare med gjengse kjønnsoppfatningar. Han skreiv både vakker poesi og reinhekla komikk om det feminine og det maskuline, noko som vart forsterka av at kvinner ikkje fekk stå på scena på Globe Theatre i London, og at kvinneroller vart spelte av menn. Han synte at menn kan vere kvinner og at kvinner kan vere menn, og at sosiale normer kan vere eller ikkje vere.  

Shakespeare gir ekko heilt fram til vår eiga samtid, der transfobi og krav om å stå fram som «ekte» menn og kvinner legg hindringar i vegen for Romeo-ar og Julie-er. I dette stykket blir den historiske Shakespeare feira, og dagens samfunn utfordra.    

 

Med: Sulekha Ali Omar, Anders Firing Aardal, Ida Løken Valkeapää, Benedikte Sandberg og Preben Rongve 

 

Av: William Shakespeare 

Omsetjing: Edvard Hoem  

Omarbeiding og regi: Frode Gjerløw 

Lysdesignar: Krystian Myska 

LyddesignarRoss Flight  

Plakatfoto: Thomas Morel 

sognogfjordaneteater
softeater
teater
sognogfjordane
shakespeare
translyria
kjønnsroller
åretsklassiker
bergen
usfverftet

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.