Vinje, vår mann // Ålhus

Arrangementsinformasjon

– Vinje er min mann, seier forfattaren Lars Amund Vaage. I denne litterære framsyninga fortel han om korleis Aasmund Vinje har kome til å bety så mykje for han, og reflekterer over alt han har å seie til oss i vår tid, framleis. Vaage akkompagnerer tenor Aasmund Kaldestad i nokre av Grieg/Vinje-songane på piano. Skodespelar Kyrre Eikaas Ottesen frå Sogn og Fjordane teater les tekstar av Aasmund Olavsson Vinje.

I 2018 feirer vi 200 års-jubileum for Vinje. Vinje, vår mann er Sogn og Fjordane teater og Rom for ord si feiring av målmannen, diktaren og folkeopplysaren. Vi er svært glade for samarbeidet med Litteraturhuset i Bergen om å vise framsyninga her.

Ferdaminne frå sumaren 1860 var den første boka som kom ut på landsmålet Ivar Aasen hadde skapt.

– Og så er det ein formasteleg tanke, seier Lars Amund Vaage, at det kanskje framleis er den beste.

Vaage held fram:

– Vinje vart ikkje forløyst som diktar før han fekk landsmålet å dikta på, og då var han 40 år gammal. Han hadde ei språkmusikalsk gåve, og han trong fridommen som det eigne språket gir for å få brukt denne gåva. Tekstane hans er ofte strenge formelt, med klassiske versemål, men med rytmisk og klangleg rikdom. Ofte diktar han om det opphavlege, det heimlege, det farne. Det er eige livsmateriale som ligg i botnen. Han kunne skriva om det på morsmålet.

- Eg var ingen Vinje-kjennar før premieren under kulturnatta i Førde i juni. Kvaliteten i tekst og framføring er så god at vår mann vart raskt til min. (Arve Sandal, i avisa Firda).

Manus: Lars Amund Vaage
Regi: Bodil Kvamme, Sogn og Fjordane teater
Ide og prosjektutvikling: Janne Karin Støylen, Rom for ord.

Framsyninga vert produsert av Sogn og Fjordane Teater med støtte frå stiftinga Fritt ord og Norsk kulturråd.

Medverkande:
Lars Amund Vaage (forfattar)
Aasmund Kaldestad (songar)
Kyrre Eikås Ottersen (skodespelar)

vinje
sognogfjordaneteater
ålhus
borgja
jubileumsår

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert